Reisebrev frå Førdefjorden

Ved å grusleggja heile botnen i fjorden, vil alt livet der nede døy. Ikkje nok med det, så vil næringa til bygda døy, og dermed så slutt bygda i seg sjølv. Dette er noko som me ser skjer på lignande stader meir og meir, når ein set kapital over naturens eigenverd. Me tykkjer at å øydelegge ein mellom anna verna nasjonal laksefjord, som så mange mennesker avhengjer av, er heilt katastrofalt. 
I lang tid har miljørørsla jobba for å stanse prosjektet. I 2016 organiserte Natur og Ungdom ein sivilt ulydig aksjon for å stanse ei prøveboring. I ettertid har ein forsøkt å stanse prosjektet både i departementa og stortinget, men til inga nytte. Difor tok ein til lenkene på nytt igjen i 2022. Til saman har nesten 200 aksjonistar valt å bryte lova for å redde Førdefjorden.

Samstundes som ein aksjonerte i 2022, varsla NU saman med Naturvernforbundet at dei gjekk til søksmål mot staten, og hausten 2023 var Fjordsøksmålet oppe i tingretten. Diverre tapte miljøorganisasjonane mot staten denne runda. Saka vart anka og tatt vidare til EFTA-domstolen. 

Dette kan bli litt teknisk, fordi kva i all verda er EFTA for noko? EFTA er ein EU-domstol for Noreg, Island og Liechtenstein. Denne domstolen behandlar korleis desse landa skal tolke lovane og reglane vi får gjennom EØS-avtalen. EU har nemleg eigne regler for korleis me skal behandle fjordane våre, og dei seier at det ikkje er lov å forrureine fjordane våre med vilje. EFTA gav difor NU og NNV medhald i ALLE punkter i Fjordsøksmålet, og med det er dei klare for å ta saka vidare til lagmannsretten.  

Kva har me gjort? 

Vi har ikkje berre demonstrert mot Nordic Mining på denne turen, me har og fått oppleve sjukt mykje spennande! Reisa starta onsdag, då fem MPUarar (medlem i miljøpolitisk utval i SU) og ein NUar (medlem i Natur og Ungdom) saman retta nasen mot Vevring i ein gigantisk leigebil med sju sete, og null bagasjeplass. Her brukte me åtte timar med bagasje på fanget, ladeproblem, og visesongar og Charli XCX på rotasjon. Omsider kom me fram til nedlagde Vevring skule, der NU møtte oss med suppe, ostesmørbrød og god stemning.

Torsdag hadde Nordic Mining offisiell opning av anlegget sitt. NU var sjølvsagt til stades, og MPU var med. Halvparten av utvalet vart sende ut på vatnet for å deale med eit 10 meter langt banner, som skulle haldast mellom to båtar. Trass nokre skrekkaugneblinkar fall ingen MPUarar ut i vatnet. Til slutt samla me oss framfor anlegget til Nordic Mining, der det var fleire appellar og mykje roping. På kvelden var me så heldige at me fekk setje garn ut på fjorden saman med den lokale fiskaren Geir, før me avslutta dagen med eit friskt og bittelitt kaldt bad i fjorden. 

Fredag fekk me reise på gardsbesøk på Bygstad til ei lokal bonde frå Småbrukarlaget. Her fekk me lære om korleis det er å driva småbruk, og om utfordringane ein vert møtt av byråkratiet når ein vel å ikkje drive industrielt. Det vart fort litt vanskeleg å fylgje med, for det var så mange søte dyr, som kyr, sau, hund, geit, høns, og til og med påfuglen Kjell Håkon! Då me kom tilbake til skulen fekk me fangsten vår frå gårsdagens garnsetjing servert til middag, som me stolt kunne sei at me var med på å fiska.

Laurdag var det duka for ope dag på anlegget til Nordic Mining. Me var sjølvsagt på plass for å vise motstand her også. Fleire av oss luringar i MPU vart også med på ein hemmeleg aksjon inne på sjølve anlegget, sjøl om me diverre vart kasta ut. På kvelden arrangerte NU eigen fjordfest, som var mykje kulare enn Nordic Mining sin. Me åt digg fiskesuppe, og dansa til dritbra musikk heile resten av kvelden. 

Søndag var det tid for avreise heim. Men før me kunne peke snuta sørover att, fekk me reise på to nye gardsbesøk. Først reiste me til Kjøsnes for å helse på Ragnhild. Ho fortalte oss om årets jordbruksoppgjer, og lot oss smake på den lokalproduserte rømmesken hennar. Ferda gjekk så vidare til Borlaug, kor Marita, som i tillegg til å vere bonde også er klimaforskar, fortalte oss om korleis klimaberedskap og tilpassing er særleg viktig for det norske jordbruket. På begge gardane var me i tillegg så heldige at me fekk klappe verdas søtaste geitekillingar. Dernest var det å hive seg inn i bilen, og køyre raka vegen heim med nye minner og meir kunnskap i bagasjen enn vi kom med. 

Så kva blir vegen vidare for Førdefjorden? 

Sjølv om Nordic Mining har hatt si offisielle opning, er ikkje slaget om Førdefjorden tapt. Den 11. juni skal anka i fjordsøksmålet opp i lagmannsretten, og med sigeren frå EFTA-domstolen i ryggen har me trua på at Førdefjorden får leve. I mellomtida arbeider me vidare med eit nasjonalt forbud mot sjødeponi, for å sikre at ingen fleire fjordar får gå tapt til fordel for økonomiske interessar.

Om du er interessert i lese meir om Førdefjorden og fjordsøksmålet kan du gå inn på fjordsøksmålet.no. Her finn du all informasjonen du treng, både om livet i fjorden, dei tidlegare aksjonane, samt alle dokumenta frå både tingretten og lagmannsretten!  

Om lokal/fylkeslaget ditt ynskjer skolering om Førdefjorden, eller lurer på meir av politikken vår rundt temaet, ikkje nøl med å ta kontakt med miljo@su.no!

Del denne saken