I dei siste åra har det vore mest debatt om ulven. I Noreg blei det i siste telling registrert til saman 125-129 ulver med helt eller delvis tilhold i Norge. Ulven er i dag rekna som kritisk trua og kom i 2021 på rødlista. Dagens forvalting sikrar ikkje eit levedyktig bestand. Bestandsmåla må reknast som eit minimumsmål og det må aksepterast fleire ynglingar. Å oppretthalda stabile familiegrupper av ulv vil hindre fleire streifdyr som oftast gjer størst skade.
SU meiner bruk av utmarksbeite er svært viktig, og at det også skal ivartakas. Det må difor løyvast tilstrekkeleg midlar til forebyggande og konfliktdempande tiltak der utmarksbeiting er mogleg.
SV vil:
- Sikre levedyktige bestandar av dei fire store rovdyra i Norge og sikre sammenhengende leveområder.
- Sikre eit landbruk der utmarksressursane nyttast.
- Auke støtta til forebyggande og konfliktdempande tiltak og sikre raskt uttak av enkeltdyr som gjer stor skade i besetning.
- Tilby støtte til omstilling i område der fellesskapet vel å prioritere rovdyr.
- Hindre svekking av naturmangfaldloven.