Nynorsk finst som eit bruksspråk og kvardagsspråk for over 600 000 nordmenn og over 70 000 skuleelevar. Fleirtalet av norske elevar lærer nynorsk som sidemål, og har bokmål som hovudmål.
Nynorskbrukarane og staten Noreg er avhengig av at bokmålsbrukarane kan nynorsk på eit tilstrekkeleg nivå til å verte lærarar over heile landet, kunne samarbeide med nynorskbrukarar på nynorsk og kunne nytte nynorsk i andre jobbar der det krevst.
Norske elevar har i dag berre rett til å gå i språkdelte klassar og få undervisning på hovudmålet sitt i alle fag fram til 7. klasse. Dette bør utvidast til 10.klasse. På ungdomsskulen og på vidaregåande har norskelevar rett til lærebøker og eksamen på sitt hovudmål, men lova seier ingenting om undervisningsspråk. Alle elevar fortener opplæring på sitt hovudmål og derfor er det viktig at ein strevar etter at det er hovudmålet til elevane som skal styre undervisningsspråket, sjølv etter barneskulen.
Norske elevar har rett til lærebøker på eige hovudmål, og alle læremiddel som vert nytta i skulen skal vere tilgjengeleg på både nynorsk og bokmål til same tid og same pris. I dag er situasjonen slik at dei fleste lærebøkene ikkje eksisterer på båe målformer. Det er problematisk at dei fleste lærebøker er på bokmål og at nynorsken blir nedprioritert.
Språkleg trygge lærarar er nøkkelen til å skape språkleg trygge elevar med gode haldningar til norsk språk. Alle lærarar må kunne skrive både nynorsk og bokmål, ha kunnskap om den norske skriftspråksituasjonen og dei språklege rettane til elevane. For å sikre god opplæring i både nynorsk og bokmål er ein avhengig av ei god lærarutdanning. Det er spesielt viktig at dei som skal bli norsklærarar får ein god innføring i nynorskdidaktikk, uansett kva dei har som hovudmål.
Opplæring i norsk er ein viktig del av integreringa. Nynorsk er ein del av norsk kultur og norsk kvardag, og for å kunne ta fullverdig del i den mangfaldige norske kulturen er nynorskkunnskapar viktig. Særleg viktig er dette for innvandrarar som kjem til nynorskområde. Konsekvensen av at innvandrarar i nynorske kjerneområde berre lærer bokmål, er at dei ikkje vert språkleg integrerte i lokalsamfunnet sitt. Dei vil ha problem med å lesa lokalaviser, brev frå kommunen, hjelpa eigne barn med skulelekser og å forstå dialekta.
SU vil:
- At sidemålsundervisninga startar tidlegare. Elevar bør ha sidemålsundervisning allereie frå tredjeklasse på barneskulen.
- Ha sidemål i fleire fag enn i norsk. Ved å nytte lærebøker på sidemål, og ha sidemålet om undervisningsspråk, vil elevane bli meir eksponerte for språket, og det vil bli enklare å lære.
- At det skal vere lovfesta rett til språkdelt ungdomsskule.
- At kommunar i språkdelte område skal få støtte til å gjennomføre språkdelt undervisning.
- At ein skal streva etter at hovudmålet til elevane skal styre undervisningsspråket.
- Kravet til læremiddel på eiget hovudmål i opplæringslova og forskrifter må vere like tydelege for digitale læremiddel som for trykte.
- At nynorskelevar får rett på kontorstøtteprogram, som skriveprogram og rekneprogram, på nynorsk.
- At det skal vere ei offisiell kvalitetssikring av læremiddel og lærebøker for å sikre høg språkleg og fagleg kvalitet.
- At det vert sikra lærebøker på nynorsk i alle fag.
- At lærarutdanningane tek ansvar for å gjere lærarstudentane til kompetente språklærarar, slik at dei er rusta til å undervise i og på både nynorsk og bokmål.
- At vaksne innvandrarar får ein lovfesta rett til læremiddel og lærebøker på bokmål og nynorsk til same tid og same pris.
- At det setjast av økonomisk støtte til utvikling av nynorske læremiddel slik at tilbodet kan kome opp på eit godt nok fagleg nivå.
- At opplæringslova og forskrifter oppdaterast til å omfatta digitale læremiddel og appar slik at dei kjem på både nynorsk og bokmål, til same tid og same pris
- At kommunane og fylkane tek ansvar og kjøper inn nynorske digitale læremiddel til nynorskelevane sine.
- At organisasjonar og institusjonar som får offentleg stønad til å laga digitale læremiddel til skulen, må laga dette på både nynorsk og bokmål.