Grådige leiarar – ein trussel mot velferden

Grådige leiarar som karrar til seg heilt urimelege lønningar og astronomiske pensjonar er ein trussel mot den norske samfunnsmodellen.
I stortingsmeldinga om statleg eigarskap som blei lagt fram i 2011, fekk SV gjennomslag for innstrammingar når det gjeld leiarlønningar og leiarpensjonar. Men det ser ikkje ut til at styra i selskap med statleg eigardel tar dette inn over seg, seier han. Det er skremmande når ein styreleiar viser til regelverk frå 2006 når det er sendt ut nytt og strengare regelverk i 2011.
Dagens leiarlønningar og leiarpensjonar er ikkje i samsvar med stortingsmeldinga om statleg eigarskap, og det må vi rydde opp i, seier Holmelid. Om nødvendig må vi skifte ut styreleiarar og styre. Les meir om det her.
SU-leiar Andreas Halse har også engasjert seg i denne saka. No må hovud rulle, seier han til TV2.
No forventar vi at Giske ryddar opp seier Holmelid. Næringsministeren skal ha møte med styreleiarane om denne saka over ferien. Der må styra svare for om dei er innforstått med staten sin lønnspolitikk. Gjer dei ikkje det, bør dei finne seg noko anna å gjere, seier Holmelid.

Del denne saken